Vere saman – positiv involvering

Alle barn treng at foreldra tek aktivt del i kvardagen deira. Foreldra kan involvere seg positivt gjennom å være opptekne av kva barnet held på med og likar, lytte til barnet, være med i leik, og delta i daglegdagse rutinar, fritidsaktivitetar og lekser. Det er godt for eit barn å merke at foreldra veit korleis barnet har det og kjenner kjenslene, opplevingane og problema til barnet. Gjennom foreldra si innleving og forståing føler barnet seg sett og møtt, og det får grunnleggjande føresetnader for å etablere positive forhold til andre menneske. Positiv involvering inneber også å kunne setje seg inn i ståstaden til barnet, følgje barnet sitt initiativ, invitere barnet til samarbeid, beskytte barnet, setje aldersadekvate grenser og ikkje minst skape eit godt kjenslemessig klima for leik og læring.  

Gjennom ei positiv involvering blir foreldre og barn tettare knytte saman. Dette bidreg til at barnet brukar foreldra som ein tryggleiksbase som dei søkjer til for å få støtte, nærleik, trøst eller oppmuntring. Når barn og foreldre utviklar eit godt forhold, deler dei gleder og sorger og kjærleiksbandet blir styrkt.

 

Når livssituasjonen blir opplevd som utfordrande, blir det gjerne vanskelegare for oss alle å halde fast i ei positiv involvering overfor barnet. Barn med åtferdsproblem kan ofte utvikle eit negativt forhold til foreldra sine. Foreldra på si side kan oppleve at det er vanskeleg å vere nære og engasjerte når problema med barna blir store, og foreldra rettar gjerne meir og meir merksemd mot det negative som barnet gjer. Viss foreldra ikkje maktar å involvere seg aktivt i barnet si verd, vil ofte den negative utviklinga halde fram. Avstanden mellom barnet og foreldra kan bli større, opplevinga av nærleik kan forsvinne, og barnet søkjer ikkje lenger til foreldra. I desse tilfella vil både foreldre og barn vere tente med at ein søkjer profesjonell hjelp.

 

I PMTO er det aller viktigaste målet å snu eit slikt negativt mønster, slik at nærleik mellom foreldra og barnet blir attskapt, og at det psykologiske bandet blir styrkt. Alle foreldreferdigheitene som det blir arbeidd med i PMTO skal byggje opp om hovudmålet – positiv involvering.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.