Setje grenser

Grensesetjing inneber at foreldra på ein tydeleg måte formidlar kva som er rett og gale, og følgjer opp dette på ein konsekvent måte kvar gong. Når barn gjer noko som er ynskt, bør dei få ros og oppmuntring. Når barn gjer noko som er gale eller bryt reglar, bør dei bli korrigerte på ein mild, men bestemd måte. Effektiv grensesetjing fordrar at god kommunikasjon, prega av positiv involvering og oppmuntring, er til stades.

Foreldra sine grenser gjev barnet tydelege signal om kva som er forventa oppførsel og hjelper barnet å lære reglar. Små barn har ikkje nok erfaring til å skjøne kvifor dei til dømes får eit nei. Det tryggjar barnet å erfare at foreldra står saman og viser ei felles haldning. Manglande eller uføreseielege grenser kan føre til indre uro og utryggleik hos barnet.

Foreldre bør ha ein plan for korleis dei handterer regelbrot og uynskt oppførsel og tilpasse planen til barnet sitt. Kjenneteikn ved god grensesetjing: 

 

  • Grip inn tidleg. Det beste er å ta fatt i uynskt oppførsel eller små regelbrot på eit tidlegast mogeleg tidspunkt, og korrigere desse på ein lik og mild måte kvar gong.
  • Ver rask og tydeleg. Når barnet viser uynskt oppførsel eller ein oppdagar regelbrot, bør barnet raskt bli korrigert, og ein bør vere tydeleg på kva som er gale på ein mest mogeleg nøytral og ikkje moraliserande måte. Tenk på at barnet er i ein læringsprosess.
  • Sørg for å gje føreseielege reaksjonar. Barnet skal vite på førehand kva konsekvensar det får på uynskt oppførsel. Husk at små og milde konsekvensar som skjer kvar gong verker betre enn strenge konsekvensar.
  • Ver roleg og bestemd. Gjennom å handtere problemåtferd på ein roleg og konsekvent måte, aukar sannsynet for at barnet gjer mindre av det vi ikkje ynskjer, og meir av det vi ynskjer. Omfanget av problemåtferd blir redusert, og det blir lagt grunnlag for at barnet gjer meir av ynskte handlingar.

 

I PMTO lærer foreldra fyrst ulike måtar dei kan kome inn i eit nytt samspel med barna sine på gjennom positiv involvering, gode beskjedar, ros og oppmuntring. Desse foreldreferdigheitene må vere gjennomgåtte før foreldra lærer bruk av spesifikke strategiar for grensesetjing som blir skreddarsydde til barna deira.

Det blir tilrådd at barn får ros og oppmuntring fem gongar så ofte som korrigeringar, dvs. at grensesetjing verkar best når foreldra allereie gjev mykje ros og oppmuntring.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.