Samarbeid med barnehage og skule

 

 

Alt frå fødselen utviklar barn kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i gjensidig samhandling med andre barn og vaksne. Barnehagen og etter kvart skulen er difor sentrale medspelarar i barnet si utvikling. Her blir barna gjevne høve til å utvikle grunnleggjande ferdigheiter gjennom leik og læring i sosialt samspel.

 

Ved å vite kva som skjer i barnehage og skule kan foreldre vere viktige støttespelarar for barnet sitt. Då kan dei også lettare førebyggje at problem oppstår, hjelpe barnet gjennom vanskelege periodar og vere ei støtte for barnet i læringsprosessen.

 

For å få til dette er det viktig med eit godt samarbeid mellom heimen og barnehage eller skule. Å få til eit godt samarbeid er eit gjensidig ansvar, men barnehage og skule pliktar å leggje tilhøva til rette for at samarbeidet kan kome i stand. Samarbeidet skal vere basert på gjensidig informasjon og vere fokusert på framgangen og utviklinga til barnet.

 

For barn med åtferdsproblem er det spesielt viktig at dei vaksne rundt barnet dreg i same retning i møte med barnets oppførsel. Gjennom god kontakt mellom heim og barnehage/skule sikrar ein at barnet blir møtt på ein mest mogleg heilskapleg måte. I dei fleste tilfella vil åtferdsproblem hos barn sjeldan opptre berre heime eller i barnehagen/skulen.

 

I PMTO vil vi saman med foreldra kontakte og forsøke å etablere eit god samarbeid med barnehage og skule om korleis dei kan leggje til rette best mogeleg for barnet.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.