Dei fleste familiar opplever i periodar problem og konfliktar. Usemjene og konfliktane kan vere både mellom dei vaksne, mellom barnet og den vaksne og mellom sysken. Det er ein naturleg del av det å leve saman som familie. Når vi strevar med konfliktar over lang tid, kan det kjennast umogeleg å finne løysingar. Dette blir opplevd som både slitsamt og belastande for alle i familien.
Problemløysingsprinsippa kan de bruke for å finne løysingar på usemjer og problem. Dei kan nyttast til å planlegge hyggelege aktivitetar, løyse enkle, kvardagslege utfordringar og meir vanskelege konfliktar. Prinsippa kan nyttast i familiesamtalar, for å forstå kvarandre sine meiningar og finne nye løysingar saman. Det gjev også barnet ei kjensle av å kunne påverke viktige sider av sitt eige liv.
Kjenneteikn ved god problemløysing er:
Tips for å førebyggje vanskelege situasjonar:
Ferdigheiter i å løyse konfliktar, både hos foreldre og barn, hjelper alle til å sjå ulike måtar å handtere vanskelege situasjonar på. I familiar der barn har åtferdsproblem er det ofte større og meir fastlåste konfliktar enn i andre familiar. Det er difor spesielt viktig for desse familiane å lære seg ferdigheiter for å løyse konfliktar. Dersom de opplever dette, tilrår vi å søkje profesjonell hjelp. I PMTO vil foreldre lære strukturerte måtar å løyse utfordringar på, som er tilpassa deira familie.
*Vi mottar gjerne generelle henvendelser, men vennligst ikke send sensitive opplysninger om egen eller andres helse da dette kun skal deles med aktuell behandler.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.