Oppmuntring og ros

Barn treng å vite at foreldra er glad i dei. Ein måte foreldra kan vise dette på er gjennom å gje barnet merksemd, ros og oppmuntring. Å få oppmuntring gjev barnet ei kjensle av støtte og ei tru på at det kan klare nye utfordringar. Å lære nye ferdigheiter gjennom ros og oppmuntring er ein god måte å lære på.

Barn vil ofte gjere meir av det som gjev merksemd frå vaksne. Foreldra treng å rette merksemda mot det positive barnet gjer. Ros og oppmuntring bidreg til at barnet oftare vil oppføre seg på ein ynskt måte. Sjølvtilliten blir styrkt, kontakten mellom foreldre og barn blir betra, det blir ei hyggelegare stemning i familien, og barnet blir meir mottakeleg for læring og kontakt. Det er ikkje farleg å gje for mykje ros og oppmuntring. Ros og oppmuntring har ingen negative biverknader.

 

Kjenneteikn ved god ros:

 1. Ros er presis og spesifikk

«Fint at du sette skoa dine på hylla og hengde opp jakka» i staden for «No var du flink».

 2. Ros blir gjeven for ny og betra oppførsel

«Fint at du klarte å kome av garde så tidleg at du rakk fyrste time» i staden for «Fint at du gjekk på skulen».

 3. Ros er eintydig positiv og blir ikkje etterfølgt av negative kommentarar

«Så flott at du gjorde ferdig alle leksene dine før middag» i staden for «Så flott at du gjorde ferdig alle leksene før middag, kvifor gjer du ikkje det kvar dag, slik som søstera di?»

 4. Ros er kort og oppriktig

«Du var hjelpsam som tok av bordet – takk skal du ha» i staden for «Du er den beste hjelparen i verda. I dag tidleg gjorde du ein super jobb med å hente alle tallerkenane og ta dei ut på kjøkenet og setje dei i vasken og fjerne restane, og…»

 5. Ros må bli gjeven på ein måte som barnet forstår

«Takk for at du gjorde som eg bad deg om og var stille då eg snakka i telefonen» i staden for «Eg set stor pris på din omtenksame og passande reaksjon på ynsket mitt om minimal distraksjon medan eg konverserte i telefonen».

 

Barn med åtferdsproblem har behov for ekstra tydelege positive tilbakemeldingar. Erfaring viser at det ikkje er nok med bruk av vanleg ros og oppmuntring. I PMTO vil du lære om mange ulike oppmuntringssystem. Desse blir skreddarsydde og gjev barnet ditt ekstra motivasjon til å lære seg dei ferdigheitene nettopp barnet ditt treng.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.