Når vi blir sinte – Regulering av kjensler

Alle foreldre opplever i periodar belastingar som skapar ekstra stress i kvardagen som påverkar kontakten deira med barna. Foreldra kan vere slitne, triste, ha samlivsproblem, vere sjuke, ha stort arbeidspress eller økonomiske problem. Slike belastingar skapar gjerne stressreaksjonar som for eksempel å bli oppgitt, depresjon, irritabilitet, angst, smerter, sinne eller liknande. For å unngå at dette går utover samværet med barnet er det nyttig å arbeide med evna til å regulere og kontrollere negative kjensler.

Når du som forelder lærer deg å ta kontroll over dine negative kjensler, vil det bli enklare for deg å oppdra barnet ditt slik du ynskjer. Når du klarar å behalde roa i oppheta situasjonar med barnet ditt, eller klarar å vere til stades for barnet ditt sjølv om du er trist eller liknande, er du ein god rollemodell for barnet ditt.

Når vi blir utsette for stress, blir både kroppen, kjenslene og tankane våre påverka på ein negativ måte. For å motverke desse negative reaksjonane, er det ofte lurt å starte med å gjere noko som får stresskjenslene ut av kroppen – som til dømes å gå ein tur eller høyre på musikk du likar. Når kjenslene har roa seg, kan du lettare analysere situasjonen og lage ein plan for kva du vil gjere.

 

Idear til kva du kan gjere for å kome i ein betre tilstand når du er plaga av stress:

  • Gå ein tur eller trene
  • Høyre på musikk
  • Gjere avspenningsøvingar
  • Snakke med ein ven
  • Ta noko varmt å drikke
  • Gjere ein aktivitet du likar

I utfordrande situasjonar med barnet kan det vere lett for foreldra sjølve å reagere med sinne. Når vi gjev fritt uttrykk for sinne og aggresjon overfor kvarandre, blir aggresjonen hos både foreldre og barn forsterka. Dette aukar sannsynet for nye sinneutbrot og for ei rask opptrapping av konfliktar.

 

Idear til kva du kan gjere i ein utfordrande situasjon kor du blir sint:

  • Telle
  • Pust djupt og roleg
  • Trekk deg unna
  • Tenk på noko anna
  • Søk støtte hos partnar eller ein ven

Ved at foreldra greier å kontrollere eigne negative kjensler, vil kontakten med barna bli meir positiv, og ein unngår at foreldra sine problem går utover barna. Dersom du opplever at du og barnet ditt er komne inn i eit negativt mønster, blir du oppmoda til å søkje profesjonell hjelp. I PMTO vil du lære hensiktsmessige strategiar for å regulere kjensler.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.