Ha oversikt – tilsyn og oppfølging

Så lenge barn er små får dei nesten kontinuerleg tilsyn og oppfølging døgeret rundt. Å ha oversikt over kva barnet gjer er viktig for å beskytte og gje barnet tryggleik. Når barnet blir eldre, vil tilsynet gradvis endre karakter.

Tilsyn og oppfølging kan delast opp i tre delar:

 

Observasjon. Foreldre må leggje merke til kva barna gjer. Dette inneber også å vite kva barna gjer når dei ikkje er saman med foreldra.

Oversikt. Foreldre må vite kvar barnet er, kven det er saman med, kva det gjer og når det kjem heim.

Tilrettelegging. Foreldre må leggje kvardagane til rette slik at barna har rammer å rette seg etter, og at foreldre involverer seg i barna sine liv på ein måte som fremjar positiv utvikling.

 

Behov for tilsyn og oppfølging varierer avhengig av både barnet sin alder og av korleis barnet fungerer. Våre nye sosiale medium har gjeve foreldre nye utfordringar som krev ekstra oppfølging.

 

Barn med åtferdsproblem har større behov for tilsyn og oppfølging enn andre barn. Dei utfører  oftare uynskte handlingar når dei veit at dei ikkje er under tilsyn av vaksne. Dei søkjer lett kontakt med andre barn med åtferdsproblem og kjem ofte opp i utfordrande situasjonar. Dess mindre foreldra har oversikt over kva barnet gjer og kven det er saman med, dess større høve har barnet til å gjere handlingar som er uynskte. I PMTO vil foreldre lære å skape trygge rammer for å følgje opp barnet, og å overvinne hindringar for godt tilsyn.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.