1. Kvifor gjer ikkje barnet som eg seier når eg gjer gode beskjedar?
2. Kva skal eg gjere når barnet ikkje følgjer beskjedar, - skal eg berre gje meg?
3. Er eg nøydd til å ta på han kvar gong eg skal gje ein beskjed?
4. Eg synes det er vanskelig å gje ein hyggelig beskjed utan å stille spørsmål.
5. Skal barna alltid gjere som foreldra seier? Dei er jo ikkje robotar heller.
9. Må eg fortsette med oppmuntringssystemet heilt til ho blir vaksen?
10. Kor lenge skal eg eigentlig halde på med eit oppmuntringssystem før eg startar på eit nytt?
11. Er det ikkje galt å straffe sine barn?
12. Barnet gjer alltid som eg seier berre eg blir sint nok, kvifor skal eg forandre på dette, når det verkar?
Dette er ingen vedunderkur, men gode beskjedar aukar sannsynet for at barna samarbeider betre. Det er viktig å ha fokus på å kartleggje sin eigen måte å gje beskjedar på fyrst, for ikkje å få for store håp til at barnet samarbeider rundt alle beskjedar. Å endre vanar tek tid.
Prøv å bli i situasjonen, og gje barnet sjanse til å samarbeide. Om barnet likevel ikkje høyrer, prøv å gå litt unna slik at du bevarer roa. Gå tilbake etter ei lita stund og prøv på nytt dersom du tenkjer at du kan greie å halde deg roleg.
Nærleik og berøring er ofte gode hjelpemiddel for å få merksemd frå barn, men du kan jo eksperimentere litt og sjå om dette barnet høyrer like godt ved at du brukar namnet hans/hennar eller seier «sjå på meg».
Det kan verke hyggelegare å spørje enn å gje ein beskjed, men hugs at barnet då kan seie nei til det du spør om. Ved å bruke ei venleg stemme og til dømes avslutte beskjeden med ord som «er du venleg, ver så snill, er du snill» gjev du beskjeden på ein hyggeleg måte utan å stille eit spørsmål.
Barn gjer ikkje alltid som vi seier. Vi veit at barn som gjer som vaksne seier om lag 7 av 10 gonger, er dei barna som faktisk greier seg best.
Barn gjør ikke alltid som vi sier. Vi vet at barn som gjør som voksne sier ca. 7 av 10 ganger, er de barna som faktisk klarer seg best.
Å forvente at barn skal oppføre seg bra utan oppmuntring, er urealistisk.
Dersom foreldra rettar merksemda si mot åtferda, er det meir sannsynleg at barnet gjentek åtferda. God oppførsel skal aldri takast for gjeven, då kan han forsvinne raskt. Positiv merksemd mot ynskt åtferd gjer at barnet blir meir motivert til å lære.
Såkalla «problembarn» er ofte vanskelege å oppmuntre, men nettopp difor treng dei desto meir av dette enn andre barn. Dei har ofte utvikla eit negativt sjølvbilete og synest ikkje dei er bra nok. Då blir det vanskeleg å ta inn ei bekreftande utsegn frå andre. Foreldre treng trening i å gje positive tilbakemeldingar og å sjå etter positiv oppførsel som dei kan oppmuntre og belønne sjølv om det ser ut til at barnet ikkje reagerer på ros. Å lære noko nytt krev ekstra motivasjon.
Det er ikkje alle det fell naturleg for i byrjinga. Det kan ta tid før du er meir komfortabel med det. Ettersom barn etterliknar oppførselen til menneska omkring seg, har du sjølv kraftig innverknad på korleis og kva barnet ditt lærer. Tenk over di eiga åtferd.
Det du seier og gjer i nærvere av barnet, påverkar måten barnet tenkjer og oppfører seg på. Du blir rollemodellen. Det har også vist seg at ros og oppmuntring er svært viktig for å snu barn som har ein del negativ åtferd. Dette blir opplevd som kunstig for foreldre, spesielt i byrjinga. Det kan vere lurt å tenkje på at dette også er noko ein må trene på. Øv deg på å gjere rosen spesifikk – då kan det opplevast mindre kunstig. I staden for å berre seie «bra», «flott» osv, kan du seie «så fint at du heng jakka di på knaggen!», «der er skuleguten allereie i gong med leksene», «så hyggeleg at de to leikar saman» osv.
Vanlegvis kan ein trappe ned oppmuntringssystem etter kvart som barnet tileignar seg ferdigheita. Ferdigheita blir halden ved lag gjennom meir tilfeldig oppmuntring. Dersom problema oppstår på nytt, kan systematisk oppmuntring innførast att. Vi har røynsler med at somme barn, og då spesielt ADHD-barn, treng oppmuntringssystem kontinuerleg. Somme har god nytte av strukturen dette skapar.
Du skal halde på så lenge at det du arbeider med er vorte innarbeidd og kan reknast som ein vane som er stabil, utan at du må minne på eller mase for å få det gjort. Difor er det viktig at du følgjer godt med på det som skjer, følgjer opp skjemaet og registrerer.
Då blir det lettare å vite når du kan gå vidare. Det er fyrst og fremst foreldra sin jobb å halde skjemaet «i live» og å vere interesserte. Om ein merkar at det ikkje er så stas med oppmuntringssystemet lenger, må ein vurdere kva som gjer at det ikkje fungerer. Kanskje må belønninga endrast eller stega justerast slik at dei er passe store, ikkje for lette eller for vanskelege.
Barn treng grenser for å utvikle tryggleik og vite kva som er rett og gale. I tillegg til positive konsekvensar er det av og til naudsynt å bruke negative konsekvensar for å stoppe utvikling av problemåtferd. Ved å bruke små og føreseielege konsekvensar unngår ein opptrapping av konfliktar eller manglande samarbeid. Det er blandingsforholdet mellom oppmuntring og konsekvensar som er viktig. Huks 5:1 (fem ros for kvar korreksjon).
Det er ikkje hemn som ligg attom konsekvensar. Tvert om er det vesentleg at barn lærer å ta val om dei vil følgje reglar eller ikkje.
Sinnereaksjonar gjev ikkje langsiktige positive endringar i barnet si åtferd. Mange foreldre synest det er ubehageleg å bli sinte på barna sine. Dei fleste barn blir redde for sinte vaksne. Vald avlar vald. Det er også ein fare for eskalering av sinne hos den vaksne. Barnet treng å lære seg å høyre etter, utan at dei vaksne treng å bli sinte. Dette er ei naudsynt røynsle å ha med seg for barnet, både på skule og i arbeidslivet.
*Vi mottar gjerne generelle henvendelser, men vennligst ikkje send sensitive opplysningar om egen eller andres helse da dette kun skal deles med aktuell behandlar.
Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen