Røynsler frå PMTO

«Det har skjedd utruleg mykje sidan eg byrja å gå til PMTO. Det har vore nokre som har vore der for meg som forelder. Eg var langt nede, hadde store utfordringar og klarte ikkje å gle meg over barnet mitt… Det er vanskeleg å setje ord på kor mykje PMTO har betydd for meg som forelder.»

«Det er ro no. Eg slepp å mase og rope. Eg er vorte merksam på korleis eg ordlegg meg. Heimen vår er vorten ein god stad å vere. Det er harmoni.»

 

«Vi var ute etter ein reiskap for å takle eit fosterbarn som vi sleit mykje med å handtere. Vi har opplevd at vanskelege situasjonar, som diskusjonar, roping, slamring med dører og det å nekte å gjere det han blir beden om, er kraftig redusert.»

«Han har meir respekt for oss når vi er tydelege og ikkje går inn i vanskelege diskusjonar. Vi har nok også fått meir respekt for han som person, og er vortne flinkare til å lytte.»

«Eg fekk tidlegare høyre at eg skulle vere konsekvent. Kva det tydde, var det ingen som fortalte meg… Eg prøvde ulike strategiar, noko som gjorde heimesituasjonen uføreseieleg. Til slutt vart eg veldig streng og prøvde å køyre den harde linja. Problema eskalerte og det vart ei dårleg og spent stemning heime. PMTO har vore til uvurderleg hjelp.»

 

«Eg har lært masse om meg sjølv og kan seie at PMTO-opplegget har vore med på å utvikle meg sjølv like mykje som det har hjelpt meg til å bli ei tydelegare mamma for gutane mine.»

«Vi har opplevd det å lære PMTO som gjevande og lærerikt. Vi har no eit felles grunnlag for å reagere likt og gje han den same reaksjonen og sanksjon eller ros når vi brukar PMTO.»

«Tidlegare kunne eg kjenne at det knytte seg i magen min når eg høyrde han utanfor døra, på tur inn. No kan eg oppriktig seie eg gler meg når eg høyrer han kjem heim frå skulen.»

«Kvardagen er vorten enklare. Eg går ikkje lenger inn i diskusjonar og blir usakleg sjølv, men er vorte mykje tryggare på meg sjølv og veit kva og korleis eg skal takle ulike situasjonar. PMTO har gjeve meg betre sjølvtillit i foreldrerolla mi, og har gjort sitt til at barnet mitt er vorte rolegare og meir nøgd og glad.»

«PMTO-terapeuten var også med på samarbeidsmøte med skulen, noko vi opplevde som svært positivt.»

«PMTO er vorte ein del av livet mitt. Eg brukar det eg har lært dagleg, og vi er komne frå ein vond sirkel til ein god sirkel. Vi er no begge meir positive og glade, og sjølv om det er eg som forelder som bestemmer, blir også barnet mitt høyrt av meg, og samarbeid er vorte viktig.»

«Som foreldre har det vore veldig lærerikt og samstundes morosamt og hyggeleg på PMTO-møta, og ei oppmoding er å få spreidd informasjonen om PMTO slik at endå fleire foreldre kan få hjelp.»

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen