Bør eg søkje hjelp?

Dersom negativ oppførsel er vorten eit mønster.

Foreldre kan møte mange utfordringar i barneoppsedinga. Det er ikkje alltid lett å vite korleis ein skal møte barn som ikkje høyrer på kva foreldra seier, som trassar, opponerer og som kanskje også snakkar stygt, trugar, slår, sparkar eller bit. Alle barn kan ved ulike høve oppføre seg slik, men dersom slik oppførsel blir eit mønster som varer over tid og foreldra kjenner seg i villreie, kan dei trenge nokon å rådføre seg med.

Kva slags tilbod passar for familien min?

Det er viktig å skilje mellom informasjon eller generelle råd retta mot spørsmål i barneoppsedinga, og tiltak retta mot foreldre til barn med bestemte utfordringar ein ynskjer å førebyggje eller behandle. PMTO og TIBIR er tilbod retta mot foreldre til barn som har utvikla eller viser byrjande teikn på å utvikle åtferdsproblem.

Dersom du som forelder opplever at du ikkje trivst i rolla som mor/far og/eller opplever mange utfordringar med barnet ditt, oppmodar vi deg om å oppsøkje eitt av tilboda våre for ein uforpliktande samtale. Det er ikkje alle kommunar som har tilgang til eit av tilboda våre. Då tilrår vi at du likevel tek kontakt med helsestasjon, PPT, barneverntenesta eller liknande.

Ynskjer du å lese meir om korleis du kan møte utfordrande oppførsel hos barnet ditt, er desse bøkene tilrådde:

 

  • «Foreldrehjelpen – Oppdragelse som virker» av Egil Launes og Knut Halfdan Svendsen.
  • «De utrolige årene» av Carolyn Webster – Stratton.
  • «PMTO Foreldretrening for familier som har barn med atferdsvansker» av Elisabeth Askeland, Anett Apeland og Roar Solholm.

 



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen