Kartlegging og identifisering

Kartlegging er eit av tiltaka i førebyggingsprogrammet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR).

Kven er tilbodet for?

Målgruppa for Kartlegginga er alle barn som kjem i kontakt med kommunen sitt ordinære tenestetilbod, til dømes helsestasjonen.

Kva er målet med Kartlegginga?

Hensikta med intervensjonen er å kunne identifisere og kartleggje barn som er i ulik risiko for å utvikle åtferdsproblem på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg, og at dette skal føre til at barn og foreldre får TIBIR-intervensjonar som er tilpassa deira problemnivå.

Korleis arbeider vi?

Intervensjonen består i eit tilbod til foreldre om ein samtale om eventuelle åtferdsproblem, og ein påfølgjande trinnvis kartlegging dersom dette er naudsynt.



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen