Forsking på PMTO og TIBIR

PMTO er utviklet på bakgrunn av omfattende forskning på barn med atferdsproblemer og deres familier.

  

1. Kva for forsking ligg til grunn for utviklinga av PMTO?

2. Kva seier forskinga om verknaden av PMTO?

3. Kor lenge varer dei positive endringane?

4. Gjev PMTO-behandling andre effekter?

5. Kven er PMTO utprøvd overfor?

6. PMTO-foreldregrupper for mødre med etnisk minoritetsbakgrunn

7. Forsking på TIBIR

 

 

Forsking på PMTO

PMTO er utvikla på bakgrunn av omfattande forsking på barn med åtferdsproblem og familiane deira.

1. Kva for forsking ligg til grunn for utviklinga av PMTO?

Forskinga har opphav ved Oregon Social Learning Center (OSLC) i USA.

OSLC er eit forskingssenter som har forska på barn med åtferdsproblem gjennom fleire tiår. Ved OSLC har dei stilt to enkle spørsmål, som dei har forsøkt å svare på gjennom forsking:

1. Kva gjer at barn utviklar åtferdsproblem?

2. Kva må til for å stoppe eller redusere utviklinga av åtferdsproblem?

Gjennom denne forskinga har dei funne fram til sentrale foreldreferdigheiter som fremjar positivt samspel i familiane. På dette grunnlaget har dei utvikla komponentar som bør vere sentrale i behandlingsopplegg for familiar med barn med åtferdsproblem. PMTO er utvikla på bakgrunn av denne forskinga.

 

2. Kva seier forskinga om verknaden av PMTO?

PMTO-behandling er verknadsfull både gjennom reduksjon av problemåtferd og utvikling av ynskt sosial åtferd.

Gjennom PMTO-behandling betrar familiemedlemane samhandlinga seg imellom. Dette gjer det meir sannsynleg at familien kan fungere godt saman, og mindre sannsynleg at barnet vidareutviklar problemåtferda si.

Det er vidare dokumentert at PMTO-behandling har medført betring i:

•Relasjonar til positive vener

•Gode skuleprestasjonar

•Tilpassing i skulen

 

3. Kor lenge varer dei positive endringane?

Ofte skjer dei største endringane etter at behandlinga er avslutta. Dette har samanheng med at behandlinga har fokus på foreldra og å betre samhandlinga deira med barna.

Det tek tid for foreldre å endre måten sin å samhandle med barna på. Under PMTO-behandlinga øver foreldra om og om att på positive samhandlingsstrategiar. For foreldre som greier å bruke det dei har lært – også etter at behandlinga er avslutta – held ofte den positive utviklinga fram.

Fleire studiar har vist at dei positive endringane er vortne halde ved lag – i frå eitt til sju år – etter at behandlinga er avslutta.

 

4. Gjev PMTO-behandling andre effektar?

Enkelte studiar har vist endring opp mot utfordringar som det ikkje har vore fokus på i behandlinga, som:

•Syskenrelasjonar

•Parforholdet til foreldra

•Psykiske problem hos foreldra

•Åleinemødrer sine sosialøkonomiske forhold

 

5. Kven er PMTO utprøvd overfor?

I USA er PMTO-behandling utprøvd andsynes:

•Familiar med barn med alvorlege åtferdsproblem

•Grupper av åleinemødrer med barn med byrjande åtferdsproblem

•Stefamiliar og fosterheimar med barn med store åtferdsvanskar

I Noreg er PMTO-behandling utprøvd andsynes: 

•Familiar, med og utan minoritetsbakgrunn, som har barn med alvorlege åtferdsproblem

 

Ogden,T., & Amlund-Hagen, K. (2008). Treatment effectiveness of Parent Management Training in Norway; A randomized controlled trial of children with conduct problems. Journal of Consulting and Clinical Psychology 76, 607-621.

 

6. PMTO-foreldregrupper for mødrer med etnisk minoritetsbakgrunn

PMTO-foreldregrupper for mødrer med etnisk minoritetsbakgrunn

Prosjektet rettar søkjelyset mot åtferdsvanskar hos barn med somalisk og pakistansk bakgrunn som bur i Noreg. Dette blir gjort ved å studere utbytet mødrene og barna deira har av å delta i Parent Management Training – Oregon-modellen foreldregrupper.

Denne intervensjonen er eit førebyggjande tiltak til mødrer som ynskjer å lære korleis dei kan styrkje samarbeidet sitt med barnet og setje klåre grenser.

PMTO-kurset vender seg til mødrer frå ulike etniske minoritetar med barn mellom 4 – 8 år, som viser lave til moderate åtferdsproblem eller står i fare for å utvikle slike problem. I 2008 og tidleg 2009 starta det kurs for somaliske og pakistanske mødrer i bydelane Grorud og Søndre Nordstrand i Oslo. Kursa består av grupper på åtte til ti deltakarar og er organisert slik at mødrer som har same etniske bakgrunn er i same gruppe.

Foreldrekursa tek utgangspunkt i daglege situasjonar, og legg vekt på ulike nyttige og effektive foreldreferdigheiter i samsvar med PMTO-prinsippa. Tema for samlingane er blant anna samarbeid og kommunikasjon med barnet, grensesetjing og syskenkranglar. Kursa har atten samlingar à to timar, og går over ein tidsperiode på inntil åtte månader.

 

Linkarbeidarar

Intervensjonen siktar seg på å vere kultursensitiv heller enn kulturspesifikk. Kursmaterialet er vorte omsett, linkarbeidarar deltek i samlingane og deltakande mødrer kjem med eigne døme frå oppsedinga i eigen kultur. På den måten blir det teke omsyn til deltakarane sin kulturelle identitet, og individuelle mål i barneoppsedinga. I tillegg til det faglege innhaldet er det tilbod om matservering og barnepass knytt til dei enkelte gruppesamlingane.

 

Effektstudie

PMTO-kurset blir evaluert i effektstudien: Evaluering av PMTO-foreldregrupper for etniske minoritetar.  Føremålet med forskingsprosjektet er å studere i kva grad deltakarane kjem på kurssamlingane og evaluere kor nøgd brukaren er med kurset. Evalueringa måler kva utbyte barn og mødrer har av å delta i PMTO-foreldregrupper. Dette blir gjort ved å studere åtferd og sosial kompetanse hos barnet og foreldreferdigheiter hos mor før og etter kurset.

 

96 pakistanske og somaliske mødrer

I denne evalueringa blir eit randomisert kontrollert forskingsdesign. Dette tyder at mødrer som har meld seg på PMTO-kurset blir fordelt tilfeldig på PMTO-kurs som starta i april 2008 eller ei venteliste med kursstart seinare. Ventelistegruppa vil i denne perioden vere studien si kontrollgruppe. Utvalet består av 96 pakistanske og somaliske mødrer med barn mellom 4 til 8 år. Utvalsstørrelsen på intervensjonsgruppa er satt i forhold til det som er tilstrekkeleg for at det skal vere mogeleg å rekne ut moderate signifikante effektstørrelsar

Det har vore to datainnsamlingar. Desse består av spørjeskjema fylt ut av mor og barnehagetilsett, eller lærar som kjenner barnet. Variablane omfattar i hovudsak barnet si åtferd og sosiale kompetanse, og mor sine foreldreferdigheiter. Datainnsamlinga gjekk føre seg ved hjelp av tospråklege datainnsamlarar.

Dette prosjektet vil kunne bidra til kunnskap om, og i kva grad, PMTO er fleksibelt nok til å styrkje foreldreferdigheiter og betre barnet si åtferd i etniske minoritetsgrupper. Dei resultata forskinga gjev, vil kunne vere retningsgjevande for vidare arbeid med denne gruppa familiar, der det kan bli aktuelt å utforme nye tiltak, eller satse vidare på PMTO-foreldregruppe.

Prosjektet er no ferdigsilt og forskar Ragnhild Bjørknes disputerte med studien den 8. juni 2011.

Bjørknes, R., Jakobsen, R., & Nærde A. (2011). Recruiting ethnic minority groups to evidence-based parent training. Who will come and how? Children and Youth Services Review, 33, 351-357 (DOI: 10.1016/j.childyouth.2010.09.019).

 

7. Forskning på TIBIR

Alle intervensjonane som inngår i TIBIR skal gjennomgå forskingsmessige evalueringar for å sikre at tiltaka gjev så effektiv hjelp som mogeleg til barn og familiar i målgruppa. Desse TIBIR-intervensjonane er det vorte gjort randomiserte kontrollerte studier (RCT) på i Noreg: 

 

• Foreldrerådgivning

Tydelege grenser bidreg til å dempe åtferdsproblem hos barn. Men like viktig er det å gje positiv støtte. Ein fagartikkel i Prevention Science viser at barn med åtferdsvanskar får god hjelp gjennom kort foreldrerådgjeving. 

Resultata viser at familiar som fekk TIBIR-rådgjeving viste meir positive og effektive foreldreferdigheiter, medan barna auka sin sosiale kompetanse og reduserte problemåtferda si. I denne studien vart TIBIR-rådgjeving utført av yrkesgrupper som helsesystrer eller tilsette i barnevernet og i barnehagar.

Studien omfatta i alt 216 familiar med barn i alderen tre til tolv år. Desse barna hadde vist problemåtferd heime, i barnehagen eller på skulen. Familiane som deltok kom frå heile landet og hadde kontakta ulike hjelpeinstansar i det kommunale tenestenivået. Familiane vart tilfeldig fordelte til TIBIR-rådgjeving eller vanleg praksis. Vanleg praksis kan til dømes vere ulike typar rådgjeving av helsesystrer. Både foreldre og lærarar rapporterte om åtferda og den sosiale kompetansen til barna.

Resultata viste positive effektar på 9 av i alt 12 resultatmål. Særleg auka TIBIR-rådgjevinga den positive foreldreåtferda og reduserte for streng disiplinbruk. Alt i alt tyder studien på at TIBIR-rådgjeving er eit verksamt tilbod for familiar med barn som har, eller er i ferd med å utvikle, åtferdsvanskar.

Kjøbli, J., & Ogden, T. (2012). A randomized effectiveness trial of Brief Parent Training in primary care settings. Prevention Science, 13(6), 616-626.

 

• PMTO-foreldregruppe

Studien er utført ved Atferdssenteret og publisert i Behaviour Research and Therapy. I denne studien av gruppebasert foreldretrening deltok foreldre med barn som hadde ulik grad av åtferdsvanskar.

Gruppebasert foreldretrening gjer at fleire familiar kan få eit behandlingstilbod. PMTO-behandling, som vanlegvis blir gjeven til enkeltfamiliar, blir då tilpassa til ei gruppesetting.

Frå tidlegare føreligg det ein randomisert studie på effekten av individuell PMTO i Noreg (Ogden & Hagen, 2008). No har Atferdssenteret altså gjennomført ein tilsvarande evaluering av gruppebasert PMTO. Dermed får vi meir kunnskap om om barn si åtferd – i heimen, i barnhagen og på skulen – endrar seg som følgje av gruppebasert PMTO, og om eventuelle endringar varer ved over tid.

I denne gruppebaserte studien følgde ein 137 familiar med barn i alderen 3-12 år (36.5 % jenter). Familiane vart rekrutterte gjennom det ordinære tenesteapparatet for barn og familiar. Mellom fire og tretten foreldre deltok i kvar foreldregruppe, og totalt var elleve grupper med i studien.

Resultata frå undersøkinga tyder på at gruppebasert PMTO kan vere eit godt supplement til det meir etablerte PMTO-tilbodet som blir gjeven til enkeltfamiliar. På denne måten kan fleire familiar som har behov for det, få effektiv hjelp. Funna viste at gruppebasert PMTO hadde gode effektar både på foreldra sin bruk av effektive foreldreferdigheiter og på barna sin problemåtferd og sosiale kompetanse.

Kjøbli, J., Hukkelberg, S., & Ogden, T. (2013). A randomized trial of group parent training: reducing child conduct problems in real-world settings.Behaviour Research and Therapy. 51(3), 113–121.

 

• Sosial ferdighetstrening

Atferdssenteret sette hausten 2007 i gong ein studie retta mot barn som har, eller er i ferd med å utvikle åtferdsvanskar. Denne undersøkinga har som mål å evaluere effekten av eit tiltak kalla Sosial ferdigheitstrening. Tiltaket er ein del av programmet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR). Publikasjonar og resultat av studien blir lagt ut så fort som dette føreligg.

I denne effektstudien blir sosial ferdigheitstrening samanlikna med den hjelp som allereie blir gjeven til barn i målgruppa. Evalueringa blir gjennomført i eit randomisert kontrollert forskingsdesign. Dette tyder at barn i målgruppa blir fordelt tilfeldig til sosial ferdigheitstrening eller andre tiltak. Datainnsamlingar blir gjennomførte før, etter og eit halvt år etter avslutta tiltak. Målingsinstrumenta omfattar blant anna barnet si åtferd og samhandling med andre, både heime og i barnehage/skulemiljøet.

200 familiar frå i alt åtte kommunar skal delta i evalueringa av Sosial ferdigheitstrening. Kommunane som er med i prosjektet er Kristiansand, Larvik, Oslo, Nesodden, Lørenskog, Eidsvoll, Haugesund og Trondheim.

Problemstillingar:

  • Korleis verker Sosial ferdigheitstrening samanlikna med den hjelp som vanlegvis vert tilbydd?
  • Har nokre barn meir utbyte av Sosial ferdigheitstrening enn andre?

 

• Konsultasjon

Atferdssenteret er i gong med ein studie der målet er å evaluere effekten av eit nytt tiltak kalla Konsultasjon. Tiltaket er ein del av programmet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR).

I denne effektstudien blir Konsultasjon samanlikna med den hjelpa som allereie blir gjeven til barn i alderen 3 – 12 år som har, eller er i ferd med å utvikle, åtferdsvanskar. Evalueringa blir gjennomført i eit randomisert kontrollert forskingsdesign. Dette inneber at barn i målgruppa blir fordelt tilfeldig til Konsultasjon eller til anna hjelp.

Datainnsamlingar blir gjennomførte før, undervegs, etter og eit halvt år etter avslutta tiltak. Her ser ein blant anna på barnet si åtferd og samhandling med andre, både heime og i barnehagen eller skulemiljøet. Målet er å få med data frå to hundre familiar i studien.

Problemstillingar:

Undersøkinga ynskjer å få svar på følgjande spørsmål:

  • Korleis verkar Konsultasjon samanlikna med den hjelpa som vanlegvis blir tilbydd i kommunen?
  • Har enkelte barn meir utbyte av hjelpetiltaket Konsultasjon enn andre barn?
  • Korleis kan Konsultasjon eventuelt forbetrast?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen