NUBU

NUBU (Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge AS) er eit dotterselskap av NORCE AS. Verksemda ved senteret er knytt til barn og unge med alvorlege åtferdsproblem.

Kva gjer NUBU?

Senteret medverkar til at barn og unge med alvorlege åtferdsproblem, familiane deira og skular og barnehagar får hjelp. Hjelpa skal vere forskingsbasert, individuelt tilpassa, resultateffektiv og relevant til dagens kunnskapsnivå.

Dette inneber blant anna:

  • Forsking om utbreiing og utvikling av åtferdsproblem blant barn og unge
  • Forsking i samband med utvikling og evaluering av nye metodar
  • Implementering av nye metodar
  • Opplæring av fagfolk/terapeutar
  • Vidareutvikling av eksisterande metodar
  • Internasjonalt samarbeid

Kva for metodar arbeider NUBU med?

Atferdssenteret arbeider med metodar som har til føremål å førebyggje, eller behandle, åtferdsproblem hos barn og unge:

 

 Parent Management Training - Oregon (PMTO): Behandlingstilbod til foreldre som har barn med alvorlege åtferdsproblem, i alderen 3 til 12 år.

Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR): Program for førebygging og behandling av åtferdsproblem hos barn i alderen 3 til 12 år.

Multisystemisk terapi (MST): Familie- og nærmiljøbasert behandling for ungdom i alderen 12 til 18 år som har alvorlege åtferdsvanskar.

Funksjonell familieterapi (FFT): Behandlingsmetode for familiar der ungdom i alderen 11 til 18 år viser alvorlege åtferdsvanskar.

Multidimensional Treatment Foster Care (MTFC): Fosterheimsbasert behandlingsmetode for ungdomar i alderen 12 til 17 år med alvorlege åtferdsvanskar.

 Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling (PALS): Ein skuleomfattande modell for å styrkje barn sin skulefaglege og sosiale kompetanse, førebyggje og meistre åtferdsproblem i skulen.

 

Kvar kan eg finne meir om NUBU?

Les på NUBU sine heimesider: www.nubu.no

 

 

 



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen