TIBIR

TIBIR står for «Tidleg innsats for barn i risiko», og er eit kommunalt program for førebygging og behandling av åtferdsproblem hos barn.

Kven er tilbodet for?

TIBIR er eit tilbod til familiar med barn i alderen 3 til 12 år, der barna har utvikla, eller står i fare for å utvikle åtferdsproblem.

Tilbodet blir gjeve gjennom kommunale tenester, som til dømes helsestasjonar, pedagogisk- psykologiske tenester, barneverntenester og barnehagar og skular. I dag finst TIBIR i 115 kommunar/bydeler.

Kva er målet for tilbodet?

Målsetnaden med TIBIR er å førebyggje og avhjelpe åtferdsproblem på eit tidleg tidspunkt, og å medverke til å utvikle positiv og prososial åtferd hos barn.

Vidare er det eit mål å gje fagpersonell ei felles forståing av korleis åtferdsproblem oppstår, og av korleis problema kan førebyggjast eller behandlast.

Kva inneheld TIBIR?

Programmet omfattar seks tilbod for familiar med barn i alderen 3 til 12 år med risiko for å utvikle, eller som har utvikla, åtferdsproblem:

  • Kartlegging for å identifisere byrjande eller utvikla åtferdsproblem
  • Foreldrerådgjeving retta mot foreldre til barn som er i risiko for å utvikle åtferdsproblem
  • PMTO foreldregrupper – eit gruppetilbod med PMTO for foreldre til barn som er i risiko for å utvikle, eller har utvikla, åtferdsproblem
  • PMTO – eit behandlingstilbod for foreldre til barn med åtferdsproblem
  • Konsultasjon for tilsette i barnehagar og skular som arbeider med barn med åtferdsproblem
  • Sosial ferdigheitstrening retta direkte mot barnet med definerte åtferdsproblem. 


Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen