Spørsmål om åtferdsproblemer

1. Kva er åtferdsproblem?

2. Når er det eit problem vi bør gjere noko med?

3. Er det foreldra som er skuld i at barnet har åtferdsproblem?


1. Kva er åtferdsproblem?

 

Alvorlege åtferdsproblem hos barn i førskule- og grunnskulealder er ofte kjenneteikna av:

  • Hyppige kranglar med vaksne
  • Hyppige sinneutbrot
  • Set seg opp mot eller nektar å følgje beskjedar frå vaksne
  • Forstyrrar andre med vilje
  • Bryt reglar, og kan ikkje innrette seg etter jamgamle
  • Er aggressiv mot andre, fiendtleg og hemngjerrig
  • Klandrar andre for sine feil
  • Lyg og stel
  • Manglende sosiale ferdigheiter

Hos eldre barn/ungdom med åtferdsproblem ser ein ofte andre kjenneteikn, som skulking, steling, hærverk, valdshandlingar og rusmisbruk.

For at vi skal kunne nytte nemninga åtferdsproblem, bør det negative samhandlingsmønsteret mellom barn og foreldre ha vart ved i minimum eit halvt år.

 


2. Når er det eit problem vi bør gjere noko med?

 

Alle barn er i periodar i opposisjon, utan at det er snakk om alvorlege åtferdsproblem. Ein snakkar ofte om «70 % -regelen». Dersom eit barn innordnar seg greitt og gjer det han eller ho blir beden om i 70 % av tilfella, høyrer barnet til gruppa vanlege barn. Barn med alvorlege åtferdsproblem innordnar seg ofte ikkje meir enn mellom 0-20 % av tilfella. Dei barna som tek imot PMTO viser ulike gradar av åtferdsproblem. Mange har også ein diagnose, anten opposisjonell åtferdsforstyrring eller alvorleg åtferdsforstyrring. Ein kan likevel ha stor nytte av PMTO sjølv om barnet ikkje har ein diagnose eller så omfattande problem. Dersom barnet har fleire av kjenneteikna nedanfor, kan foreldra ha nytte av PMTO: •Barnet kjem lett i konflikt med vaksne og andre barn

  • Barnet nektar ofte å utføre det som dei vaksne seier det skal
  • Barnet er ofte i opposisjon
  • Barnet viser liten vilje til å innordne seg etter andre
  • Barnet har vanskar med å innordne seg i leik med jamgamle

Mange barn som utviklar åtferdsproblem kan identifiserast alt i treårsalderen. Nokre barn viser åtferdsproblema berre i ein periode, men dess tidlegare problemåtferda førekjem, dess meir sannsynleg er det at barna utviklar alvorlege åtferdsproblem. Samstundes er det hos dei yngste barna behandlinga verkar raskast. Det er difor svært viktig at desse barna blir oppdaga tidleg og får eit godt tilbod. Dette kan hindre ei mogleg negativ utvikling.

 


3. Er det foreldra som er skuld i at barnet har åtferdsproblem?

 

Det er samansette årsaker til at barn utviklar åtferdsproblem.

I PMTO-behandlinga har ein ikkje fokus på kven som har skulda for at «det er vorte som det er vorte». Merksemda er retta mot løysingar og det å få til ei positiv endring i samspelet mellom foreldre og barn.

I mange tilfelle har dei vaksne og barna kome inn i eit fastlåst og negativt samspelsmønster som dei ikkje kjem ut av ved eiga hjelp. I dei tilfella der foreldre og barna ikkje kjem ut av dette negative mønsteret, er det viktig at dei får hjelp.

Endringa må starte med at foreldra endrar sin måte å møte sitt barn på.

PMTO-behandlinga er retta mot å hjelpe foreldra med dette. Gjennom eit endra samhandlingsmønster vil ein kunne fremje barnet sitt utviklingspotensial.



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen