Spørsmål om PMTO-behandlinga

1. Kva er målet med PMTO-behandlinga?

2. Kva består behandlinga i?

3. Verkar dette?

4. Kva er skilnaden på PMTO og andre tilbod?

5. Kven er PMTO-terapeutane?

6. Skal ikkje barnet mitt delta i behandlinga?

7.Kvar kan eg og barnet mitt få PMTO-behandling?

 


 1. Kva er målet med PMTO-behandlinga? 

Målet med behandlinga er at foreldra og barnet skal rette opp att ein positiv relasjon. Opposisjonell åtferd skal reduserast, og positiv utvikling skal fremjast.

Gjennom å styrkje foreldra i deira oppsedarrolle blir dei sette betre i stand til å samhandle meir føremålstenleg med barna. Dette medverkar igjen til at barna lærer normale sosiale ferdigheiter, og at førekomsten av problemåtferd blir redusert.

 


2. Kva består behandlinga i?

PMTO-tilbodet inneber eit tett samarbeid mellom ein terapeut og familien.

  • Det er møte kvar veke mellom terapeuten og foreldra
  • Begge foreldra bør delta om dei bur saman. Eventuelle steforeldre som bur saman med barnet bør alternativt delta
  • Barnet deltek på møta ved behov
  • Foreldra får trening i korleis dei på ein konstruktiv måte kan møte og samhandle positivt med barnet
  • Merksemda blir retta mot familien sine sterke sider
  • Foreldre og terapeut utarbeider i samarbeid mål og delmål for behandlinga
  • Måla blir i fellesskap evaluerte gjennom heile gangen i behandlinga
  • Vanleg behandlingstid er 6-9 månader

 


3. Verkar dette?

 PMTO-behandling er verknadsfull både gjennom reduksjon av problemåtferd og utvikling av ynskt sosial åtferd.

Gjennom PMTO-behandling betrar familiemedlemane samhandlinga seg i mellom. Dette gjer det meir sannsynleg at familien kan fungere godt saman, og mindre sannsynleg at barnet vidareutviklar problemåtferda si.

Det er vidare dokumentert at PMTO-behandling har medført ein auke i førekomsten av:

  • Relasjonar til positive vener
  • Gode skuleprestasjonar
  • Tilpassing i skulen
  • Relasjoner til positive venner
  • Gode skoleprestasjoner
  • Tilpasning i skolen.

 

 


4. Kva er skilnaden på PMTO og andre tilbod?

Det finst mange ulike tiltak overfor barn med åtferdsproblem og familiane deira.

Ein vesentleg faktor når ein skal velje tiltak, er i kva grad det kan dokumenterast at tiltaket er verknadsfullt. PMTO er eit forskingsbasert tiltak. Det kan dokumenterast at tiltaket gjev varige positive endringar, både gjennom reduksjon av åtferdsproblem og betring av samspelet mellom foreldre og barn.

I innhald er det to ting som skil PMTO frå mange andre tiltak.

For det fyrste er behandlinga i hovudsak retta mot foreldra. Målet er å styrkje foreldra sine ferdigheiter, og gjennom det oppnå betring for både barnet og familien som heilskap. Dette er ei endring av praksis, då mange andre tiltak har behandla barnet individuelt. I PMTO reknar ein foreldra som barna sine viktigaste hjelparar. Ein positiv relasjon bør rettast opp att gjennom at foreldra endrar samhandlinga si med barnet.

For det andre inneber behandlinga at foreldra brukar mykje tid på å trene på praktiske ferdigheiter som dei kan bruke i samhandling med barna heime. Behandlinga er handlingsorientert og legg opp til at foreldra sjølve er aktive og tek initiativ til positivt samvere med barnet.

 


5. Kven er PMTO-terapeutane?

For å bli PMTO-terapeut blir det stilt krav om at ein har ein treårig helse- og sosialfagleg høgskulebakgrunn, alternativt universitetsutdanning innanfor psykologi, pedagogikk eller medisin. I tillegg er det krav om klinisk røynsle.

I tillegg får dei ei omfattande og kontinuerleg opplæring i metoden. PMTO-handboka gjev terapeutane retningslinjer for kva som skal gåast gjennom i kvar time med foreldra, men dette må samstundes tilpassast den enkelte familie.

 

 


6. Skal ikkje barnet mitt delta i behandlinga?

Den mest avgjerande faktoren når det gjeld førebygging og behandling av åtferdsproblem er i kva grad foreldra viser viktige foreldreferdigheiter, som til dømes positiv involvering, grensesetjing og tilsyn. Hovudfokus i PMTO-behandlinga er difor å betre foreldra sine ferdigheiter i samhandling med eigne barn. Barna er til ein viss grad med i behandlinga. Barna tek del i oppstart av ei behandling, då terapeutane observerer samspelet mellom foreldra og barnet. Det same gjentek ein mot slutten av behandlinga. I kva grad barna tek del i behandlinga mellom dette, varierer. Barnet blir til dømes teke med dersom foreldra ynskjer tilbakemeldingar på korleis dei løyser spesielle utfordringar i samhandlinga, eller dersom barnet sjølv ynskjer å delta.

I tillegg får ein del barn sosial ferdigheitstrening parallelt med at foreldra får PMTO-tilbodet.

 


7. Kvar kan eg og barnet mitt få PMTO-behandling?

 Det finst PMTO-terapeutar over heile landet, og utbreiinga er aukande. Fleire ulike instansar gjev PMTO-tilbod:

•Enkelte kommunar/helsestasjonar/PP-tenester/barneverntenester

•Barne- og ungdomspsykiatriske klinikkar

•Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

•Enkelte familievernkontor.



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen