PMTO

PMTO står for Parent Management Training – Oregon, og er eit lågterskeltilbod til foreldre som har barn med åtferdsproblem.

PMTO blir tilbode i statlege og kommunale tenester for barn og unge over heile Noreg.

Kven er tilbodet for?

Tilbodet blir gjeve til familiar med barn i alderen 3 til 12 år, der barnet har åtferdsproblem.

Kva er målet med behandlinga?

Målet med behandlinga er at foreldra og barnet skal rette opp att ein positiv relasjon.

Opposisjonell åtferd skal reduserast, og positiv utvikling skal fremjast.

Korleis arbeider vi?

PMTO-tilbodet inneber eit tett samarbeid mellom ein terapeut og ein familie.

  • Det er møte kvar veke mellom terapeuten og foreldra
  • Begge foreldra bør delta om dei bur saman. Eventuelle steforeldre som bur saman med barnet bør alternativt delta
  • Barnet deltek på møta ved behov
  • Foreldra får trening i korleis dei på ein konstruktiv måte kan samhandle med barnet
  • Det er fokus på kva som går bra i samhandlinga
  • Foreldre og terapeut utarbeider i samarbeid mål og delmål for behandlinga
  • Måla blir i fellesskap evaluerte gjennom heile gangen i behandlinga
  • Vanleg behandlingstid er 6–9 månader.


Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen