Foreldregrupper

Foreldregrupper er eit av tiltaka i førebyggingsprogrammet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR). Tiltaket baserer seg på prinsippa i behandlingsmetoden Parent Management Training – Oregon (PMTO).

Kven er tilbodet for?

Gruppetilbod med PMTO blir gjeve til foreldre til barn i alderen 3 til 12 år som er i risiko for å utvikle, eller har utvikla, åtferdsproblem.

Kva er målet med gruppetilbodet?

Målet med behandlinga er at foreldra og barnet rettar opp att ein positiv relasjon. Utfordrande oppførsel skal reduserast, og positiv utvikling skal fremjast

Korleis arbeider vi?

  • Foreldregruppa blir leia av 2 fagpersonar
  • Møte kvar veke over 12 veker
  • Talet på deltakarar per gruppe vil vere 12-16 foreldre
  • Begge foreldra bør delta dersom dei bur saman. Eventuelle steforeldre som bur saman med barnet kan alternativt delta
  • Foreldra får trening i korleis dei på ein konstruktiv måte kan samhandle med barnet
  • Metoden inneber aktiv innøving av alternative måtar å møte og handtere barnet på


Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen