Sosial ferdigheitstrening er eit av tiltaka i førebyggingsprogrammet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR). Tiltaket baserer seg på prinsipp frå behandlingsmetoden Parent Management Training – Oregon (PMTO) og programmet Stop Now and Plan (SNAP), ein kognitiv åtferdsterapeutisk metode utvikla ved Child Development Institute i Toronto, Canada.
Sosial ferdigheitstrening er retta mot barn i alderen 3 til 12 år som er i barnehage, skule og/eller SFO, og som er i risiko for å utvikle, eller har utvikla, åtferdsproblem.
Tilsette i barnehagar, SFO og skular og som arbeider i forhold til barn med åtferdsproblem og som har fått opplæring i tiltaket.
Målet med Sosial ferdigheitstrening er å førebyggje og redusere problemåtferd og å utvikle barnet sine sosiale ferdigheiter.
*Vi mottar gjerne generelle henvendelser, men vennligst ikkje send sensitive opplysningar om egen eller andres helse da dette kun skal deles med aktuell behandlar.
Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen