Foreldrerådgjeving

Foreldrerådgjeving er eit av tiltaka i førebyggingsprogrammet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR). Tiltaket baserer seg på prinsippa i behandlingsmetoden Parent Management Training – Oregon (PMTO).

Kven er tilbodet for?

Tilbodet blir gjeve til barn i alderen 3 til 12 år som viser teikn til byrjande åtferdsproblem.

Kva er målet med rådgjevinga?

Foreldrerådgjeving tek sikte på å hjelpe familien på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg. Gjennom rådgjevingssamtalar og rettleiing kan foreldre få hjelp til å førebyggje byrjande åtferdsproblem og bidra til ei positiv utvikling hos barnet.

Korleis arbeider vi?

  • Samtalar kvar veke med ein foreldrerådgjevar
  • 3-5 møte per familie
  • Begge foreldra bør delta dersom dei bur saman. Eventuelle steforeldre som bur saman med barnet kan alternativt delta
  • Døme på tema i rådgjevingssamtalen er:
    • Samarbeid og gode beskjedar
    • Læring av nye ferdigheiter gjennom systematisk bruk av ros og oppmuntring
    • Grensesetjing
    • Tilsyn og oppfølging
    • Problemløysing knytt opp mot daglege utfordringar i familien
  • Foreldre får øve på korleis dei kan møte barnet på ein måte som kan snu ei uheldig utvikling

 



Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen