Konsultasjon - skule og barnehage

Konsultasjon er eit av tiltaka i førebyggingsprogrammet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR). Tiltaket baserer seg på prinsipp frå behandlingsmetoden Parent Management Training – Oregon (PMTO) og den skuleomfattande tiltaksmodellen PALS (Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling i skulen).

Kven er tilbodet for?

Konsultasjon blir gjeve til tilsette i barnehage og skule som arbeider med barn i alderen 3 til 12 år som er i risiko for å utvikle, eller har utvikla, åtferdsproblem.

Kven gjev konsultasjonen?

PP-rådgjevarar, tilsette i spes.pedagogisk eining, fagteam, spesialpedagogane i skulen, sosiallærarar eller rådgjevarar som har fått opplæring i tiltaket.

Kva er målet med Konsultasjon?

Målet med konsultasjon er å gje barnehage og SFO/skulepersonell rettleiing i bruk av konkrete verktøy og strategiar som kan førebyggje og redusere åtferdsproblem i grupper/klassar. Utfordrande oppførsel skal reduserast, og positiv utvikling skal fremjast.

Korleis arbeider vi?

  • Rettleiing kvar veke til skule/barnehagepersonell er gjeven av ein konsulent
  • 6-8 konsultasjonar
  • Det blir gjeve rettleiing både i forhold til enkeltbarn, og heile gruppa/klassen ut frå behov
  • Skule-/barnehagepersonell får trening i korleis dei på ein konstruktiv måte kan samhandle med barnet/barna
  • Metoden inneber aktiv innøving av alternative måtar å møte og handtere barnet/barna på


Dette nettstedet brukar informasjonskapsler. Les meir om informasjonskapsler her. Vis ikkje denne meldingen igjen