Gode beskjedar

Dette handlar om å gje beskjedar. At foreldre gjev gode beskjedar er fyrste steget på vegen mot å få eit godt samarbeid med barnet. Når foreldre gjev gode og tydelege beskjedar, er det meir sannsynleg at barna gjer som foreldra seier. Dette bidreg til å fremje eit godt samarbeidsklima i heimen. Eit barn som samarbeider får betre utviklingsmoglegskapar både i heimen, blant vener og i barnehage/skule.

 

Kjenneteikn ved gode beskjedar som fremjar samarbeid:

  • sikre deg barnet si merksemd før du gjev beskjeden
  • prøv å få blikkontakt
  • ver fysisk nære barnet
  • sei nøyaktig kva barnet skal gjere
  • ver tydeleg og bruk enkle ord
  • ver venleg og bestemd
  • gje éin beskjed om gongen
  • vent til barnet følgjer opp beskjeden
  • unngå argumentering og diskusjon
  • ros barnet når det følgjer beskjeden

Barn som strevar med å følgje beskjedar treng ekstra hjelp. I PMTO er det å gje gode beskjedar ei av dei fyrste foreldreferdigheitene som blir lærte bort. Foreldre vil lære kva som kjenneteiknar gode beskjedar, korleis dei kan bli gjevne og følgde opp, og korleis gode beskjedar aukar sjansen for at barnet vil samarbeide.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.